Snarvegen til ditt nye kontor





Tips & info
Book i dag – bruk i morgon:
Dette er snarvegen til ditt nye kontor- Det skal vere enkelt å få jobben gjort.
Difor lanserer Liegruppen Eigedom ei ny plattform for booking av både kontor- og møterom.
– Via den nye plattforma vår (https://booking.liegruppen.no/) kan ein booke både kontor- og møterom. Ein kan booke for timar, dagar og månader. Målet vårt er at det skal vere så enkelt og fleksibelt som mogleg å leige kontor hos oss, seier Lene Haug i Liegruppen.
Vil bidra til nyskaping
Alle som har prøvd, veit at det å skaffe kontorlokale kan vere ei tidkrevjande affære. Ofte må ein også vente på at lokala skal tilpassast nye brukarar. Hos Liegruppen står ferdig tilrettelagde kontor og møterom klare på Straume Teknologisenter.
– Vi ønskjer å leggje til rette for meir næringsaktivitet på Straume og i Øygarden. For både nyetablerte selskaper og andre kan det vere krevjande å binde seg til lange leigeforhold. Ved å tilby fleksible kontorløysingar håpar vi å kunne bidra til meir nyskaping, seier Haug.
Mange mindre verksemder, særleg i oppstartfasen, jobbar frå heimekontor. I samband med møte, men også for å vere ein del av eit større fagmiljø, kan det vere nyttig å kunne booke både kontor og møterom hos oss.
– Ein framstår profesjonelt, samstundes som ein har ein stad å vere, seier Haug.
Book i dag – bruk i morgon
Ho fortel at ein via plattforma kan booke kontor og ta dei i bruk allereie dagen etter.
– Ein kan velje mellom plass i ope landskap og cellekontor. Vi tilbyr også små og store møterom, og til og med eit romsleg auditorium. Alle areala held høg standard, seier Haug.
Ho legg til at bookingløysinga gjer det enkelt å kombinere heimekontor med leige av kontorplass etter behov.
– Det gir god fleksibilitet, tilpassa økonomien i verksemda. Samstundes blir ein ein del av eit pulserande og levande miljø, seier Haug, og legg til:
– Dette er også eit godt alternativ for aktørar som har kundar i regionen og treng eit satellittkontor.
Er dette noko for deg?
Sjå alternativa her: (https://booking.liegruppen.no/)
Av Torgeir Hogøy
Foto: Torgeir Hogøy




